Ekstremvêret Valdis var eit ekstremvêr som råka Finnmark 16. desember 2001. Det gav nordvestleg vind opp i sterk storm og var det siste av to ekstremvêr dette året. Sjølv om fleire observasjonar viste full til sterk storm dei mest utsette stadane, vart det noko mindre vind enn det som var varsla.

Sjølv om eit hustak i Hammerfest bles av og mykje av samferdselen stoppa opp, vurderte MI i ettertid at ekstremvarselet berre så vidt var berettiga.

Kraftigast vind

Stasjon Middelvind (m/s) Vindkast (m/s) Hekkingen fyr 29 42 Sletnes fyr 27 37 Fugløykalven fyr 27 31 Makkaur fyr 24 - Helnes fyr 22 - Vardø 21,5 29 Banak 19 29

Fotnotar

Sjå òg Ekstremvêr i Noreg

Valdis