Taran er eit personnamn som kan brukast av både kvinner og menn.

På norsk er Taran ei målføreform av kvinnenamnet Torunn, særleg bruka i Buskerud og Telemark. Namnet har opphav i norrønt Þórunnr, samansett av gudenamnet Tor og verbet unna som tyder 'elske'.

Namnet er òg bruka som mannsnamn i fleire ulike tradisjonar. På sanskrit og avleidde språk tyder ordet 'himmel' eller 'fartøy', og er brukt som mannsnamn blant hinduar og sikhar. Namnet er også kjend blant tidlege britar; det var brukt av ein piktisk konge og er også kjend som eit gælisk namn. Namnet er avleidd frå toreguden Taranis. Det tyder 'tore' og er i slekt med dei nordiske namna Tor og Tore.

Bruken av namnet i Noreg I folketeljinga i 1801 nær hundre manntalsførte med namnet Taran eller Tarand, 28 av desse budde i Ål i Hallingdal.

I teljinga frå 1900 var det 33 kvinner og ein mann som hadde dette namnet.Søk i Digitalarkivet

I 2008 var det meir enn 150 kvinner og 8 menn som hadde Taran til første fornamn.

Kjende namneberarar Kvinner Taran Anne Sæther

Menn Taran av piktarane (konge 692-696) Taran Adarsh (f. 1964), indisk filmkritikar og -makar Taran Killam (f. 1982), USA-amerikansk skodespelar Taran Noah Smith (f. 1984), USA-amerikansk skodespelar

Annan bruk Tarn Taran, heilag by for sikhar Taranpanth, djainistisk sekt grunnlagd av Taran Svami

Bakgrunnsstoff

Folketeljingar i Digitalarkivet

Kjelder

Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991) ISBN 82-521-3604-4 Taran på Think Baby Names http://utopianvision.co.uk/services/indian-names/?cat=&letter=T

Folketeljingar i Digitalarkivet

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Førenamn av gælisk opphav Kategori:Førenamn frå sanskrit