Lauk kan visa til ein rund planteknoll frå planter i laukslekta, men blir i daglegtala hovudsakleg brukt om kepalauk eller vanleg lauk (Allium cepa). Lauk finst berre som kulturplante, men det finst nærskylde villaukar i Sentral-Asia.

mini|venstre|Heil og oppskoren lauk. Den vanlege lauken er utbreidd over heile verda. Han blir brukt rå, steikt, kokt i sausar og supper, sylta og på ei rekkje andre vis. Lauk er særs viktig i indisk matlaging, men blir ikkje rekna som vegetarisk av strenge hinduar og djainar, ettersom å hausta ein lauk drep planta.

I Noreg er kepalauk ein framandart som vart innført som matplante i vikingtida eller tidlegare. Han er funne forvilla spreidde stader, men som tradisjonell produksjonsart er han ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Onion» frå , den 31. januar 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Grønsaker Kategori:Laukslekta