Radika (makedonsk og serbisk Радика, albansk Radikë) er ei elv sør i Serbia (Kosovo) og vest i Nord-Makedonia. Ho har ei lengd på 70 km og er ei sideelv til Svarte Drin.

Sjølve Radika er berre 52 km lang, men målt frå den fjernaste kjelda i nedslagsfeltet, som er elva Crni Kamen er ho 70 km lang.

Crni Kamen (Црни Камен; «Svart stein») har kjelda si på nordsida av fjellet Vratsa i Šar Planina nedanfor toppen Golema Vratsa (2 582 moh.). Crni Kamen renn vestover før ho brått snur sørover og munnar ut i grenseelva Ćafa Kadis.

Ćafa Kadis har kjelda si på sørsida av Vratsa og renn vestover og dannar i fleire kilometer grensa mellom Kosovo og Nord-Makedonia. Etter at ho mottar Crni Kamen frå høgre og ei anna elv frå Kosovo renn ho innover i Nord-Makedonia og får frå dette punktet namnet Radika.

Radika munnar ut i Svarte Drin (Crni Drim) like sør for Debar. Svarte Drin renn vidare mot Adriahavet gjennom Albania. Radika har eit nedslagsfelt på 665 km² og kan ikkje nyttast til elvefart.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Radika» frå , den 1. februar 2008. oppgav desse kjeldene: Mala Prosvetina Enciklopedija, Tredje utgåve (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2 Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6

Kategori:Elvar i Nord-Makedonia Kategori:Elvar i Kosovo