mini|Innhavet på Gozo den 28. mai 2002 Innhavet, stundom kalla Qawra på maltesisk, er ein lagune på øya Gozo i Middelhavet. Opninga ut mot havet er berre ein smal naturleg boge.

Han vart naturleg danna der ei forkasting i kalksteinen hadde danna ei havgrotte der taket seinare kollapsa.

På eine sida av lagunen er det steinstrand med fleire fiskarhytter. Båtane er ofte trekt opp på stranda. Botn av lagunen består stort sett av grus og småstein og er opp til 35 meter djup. Jacques Cousteau sa at Innhavet på Gozo var av hans ti favorittdykkestader.

mini|Innhavet på Gozo i februar 2007 På rolege dagar kan fiskebåtane, kalla luzzijiet på maltesisk, gå gjennom opninga. Stundom kjem det òg båtar med turistar gjennom bogen på veg til Fungus Rock og ein annan stor naturleg boge i nærleiken kalla Asurvindauget.

Bakgrunnsstoff Turistinformasjon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Inland Sea, Gozo» frå , den 3. februar 2008.

Kategori:Maltesisk geografi Kategori:Naturlege bogar