Frode Grytten () er ein norsk forfattar og journalist. Han voks opp på industristaden Odda i Hardanger, som handlinga i mange av bøkene hans også er lagd til. Grytten skriv for det meste på nynorsk.

Han debuterte med diktsamlinga Start i 1983. Det store gjennombrotet fekk han med romanen Bikubesong frå 1999. Boka er omsett til fleire språk og det er også laga eit teaterstykke med grunnlag i henne.

Frode Grytten har vore busett i Bergen sidan han byrja å studere der som 18-åring. Ei tid var han fast tilsett kulturjournalist i avisa Bergens Tidende, men han har etter kvart vorte forfattar på heiltid.

Han har (per 2011) gjeve ut éi diktsamling, ni novellesamlingar (av desse, tre med noveller i utval), fire barnebøker, tre romanar, éi reiseskildring og éi artikkelsamling. I tillegg har han vore redaktør for ein antologi, skrive ei miniatyrbok og tekstar til ei bok med bilete av trehytter. Han har vorte heidra med mellom anna Brageprisen og Rivertonprisen, i tillegg til at han har vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris.

Biografi Frode Grytten voks opp på Hjøllo i Odda.«Prisa Odda-surrealisme» av Ottar Fyllingsnes i Dag og Tid (09.12.1999). Mor hans arbeidde som frisør og far hans som møbelseljar.«Pønk fra rekkehuset» av Cathrine Sandnes i Dagsavisen (02.06.2001). Musikken spela – på same måten som i fleire av bøkene hans – ei viktig rolle for han i oppveksten. Han fortel sjølv: «Som 14–15-åring vart eg fascinert av musikken. Roxy Music var den første verkeleg store gruppa for meg. […] På 70-talet kom punken. Eg vart ikkje punkar med hanekam, men eg høyrde på punkmusikken.»

mini|upright|Frode Grytten i Odda i 2005. Grytten har skildra seg sjølv som sjenert, både i ung og vaksen alder. I eit intervju sa han mellom anna: «Det var ikkje mykje eg sa på ungdomsskulen, men eg sa iallfall at Bob Dylan ville fått Nobelprisen om han ikkje hadde laga musikk til tekstane sine.» For å overvinne sjenansen skapte han alter egoet «Arne Speed Mikaelsen», som han prøvde å skrive i Bergens Tidende med. Han har også opptredd som denne personen framfor eit publikum på 1500 menneske i Grieghallen.

Då han var 18 år, flytte han frå Odda til Bergen for å studere. Grytten er utdanna cand.polit. med administrasjons- og organisasjonsteori som spesialfelt på Universitetet i Bergen. Hovudfagsoppgåva hans heitte Den politiske prosessen med å etablere boliger for psykisk utviklingshemmede, før eller etter HVPU-reformen. Etter at han var ferdig med utdanninga, prøvde han å søkje jobb i byråkratiet. Men han fekk ingen jobb, og det har han sagt at han er glad for i dag. Seinare vart han fast tilsett som kultur-/reportasjejournalist i Bergens Tidende. Han var der tilsett i fotoavdelinga. Om dette sa han sjølv: «Bakgrunnen er at eg berre arbeider med reportasjar. Og då må ein vera der det er ekte interesse for reportasjar.» Ein del av desse reportasjane er seinare utgjevne i essay- og artikkelsamlinga 50/50 frå 2010. Etter kvart tok han ut permisjon frå jobben for å få meir tid til å skrive bøker, før han til sist vart forfattar på heiltid.

Frode Grytten er i dag busett på Bønes i Fyllingsdalen i Bergen, er gift og har to ungar.

Forfattarskapen Generelle tema og trekk Litteraturen til Frode Grytten har vorte skildra som «underdriven prosa», idet at skrivestilen hans er så «hardkokt og lakonisk». Han skriv ofte svært enkelt, og det er sjeldan at han brukar framandord eller «store ord». Dette gjer at han har vorte samanlikna med eldre forfattarar som Kjell Askildsen og Øystein Lønn. Av forfattarar i samtida til Frode Grytten kan skrivestilen hans også delvis samanliknast med Odd W. Surén.

Grytten gjer bruk av undertekst i mange av novellene sine. Med andre ord må ein lese mellom linjene for å få med seg til dømes kva som eigentleg går føre seg, eller kva hovudpersonen eigentleg føler. Det er mykje humor i bøkene hans, men denne ligg alltid i underteksten. Han prøver ikkje å forklare for lesaren kvifor – eller om – noko er morosamt eller ikkje.«‘Gå langs vegen som ein vanlig mann’ – nokre trekk ved forfattaren Frode Grytten» av Kyrre Andreassen i Forfattarhefte – Frode Grytten (Oslo: Biblioteksentralen, 2002).

mini|upright|Bruce Springsteen vert brukt som rollemodell for hovudpersonen i novella «Ein bibel og fem flasker øl» i Langdistansesvømmar. Musikk spelar ei viktig rolle i mange av bøkene til Frode Grytten. Nokre gonger er det songar som er sjølve utgangspunktet for novellene, som i Popsongar. Andre gonger brukar han sitat frå songtekstar for å understreke ei stemning, eller for å seie noko om personane i bøkene. Han har også brukt musikkartistar som rollemodellar for personane sine. Eit døme på dette kan ein finne i Langdistansesvømmar: «Den natta drømte eg at Bruce Springsteen reiste seg frå senga heime hos foreldra, gikk stilt gjennom det mørklagde huset, ned trappa, inn i garasjen der den gamle punchingballen hang frå taket, sette seg inn i ein Chevy ’69 […]»

Det er personane Frode Grytten fokuserer på i historiene sine. Nokre gonger skildrar han livsløp eller kjærleiksforhold, medan han andre gonger utvidar augneblinken idet personen eller personane opplever ei endring i livet sitt. I fleire av novellene sine skildrar han personar som opplever lukke, men aldri einsidig lukke. Det ligg ei visse i bakgrunnen om at lukka ikkje er varig. Elles er overgangsfasen mellom barn og ungdom eit tema han tek opp i fleire av bøkene. Denne problematiseringa av sosialiseringa og den mannlege kjønnsrolla finn ein også hjå mange andre forfattarar som skreiv på 1980-talet.Norges litteraturhistorie, bind 8, s. 757. I vidare forstand tek han opp identitetsproblematikk både i ung og vaksen alder.

Start I 1983 debuterte Frode Grytten med diktsamlinga Start. Ho vart utgjeven på Aschehoug og var skriven på bokmål. Grytten var 23 år då han gav ut denne boka, så ho er naturleg nok skriven frå ein ung ståstad. Samlinga er forma som eit løp, der ein følgjer eit menneske i startfasen av livet, frå barndom til pubertet og sein ungdom.«Veltilpasset glede» av Ingar Skrede i Dagbladet (24.11.1983). I tillegg til oppvekst er også trongen til å kome seg til ein større stad framtredande. Kritikarane var ikkje overbegeistra over diktsamlinga. Fleire meinte at han mellom anna mangla biletlogikk. Ingar Skrede i Dagbladet skreiv mellom anna at: «Bildene hans kan være spenstige, yre, men også haltende og/eller flate. Det står et sted om morgenen som pumper lystig i vei på orgel, hvilket må bety et harmonium, men i linjene like etter spilles det pedal.» Samtidig meinte dei å sjå eit potensial for utvikling hjå Grytten.«[…] det finnes noe mer, noen bilder som tyder på at det kan være utviklingsmuligheter hos denne poeten,» skreiv Knut Ødegård i «Lyriker som kom for tidlig ut» i Aftenposten (11.01.1984). «Forhåpentlig er han allerede på vei ut i noe større,» skreiv Ingar Skrede i «Veltilpasset glede» i Dagbladet (24.11.1983).

Dans som en sommerfugl, stikk som en bie og Langdistansesvømmar Tre år etter debuten, i 1986, følgde han opp med den fyrste novellesamlinga si, Dans som en sommerfugl, stikk som en bie, også denne på Aschehoug. Her vekslar Grytten mellom nynorsk og bokmål: Sju av novellene er på bokmål og fem er på nynorsk. Temaet i denne boka er mykje det same som i diktsamlinga, og dei fleste av novellene handlar om oppvekst på 1960- og 1970-talet. Han skildrar personar som prøver å finne balansegangen mellom sentimentalitet og brutalitet i mannsrolla dei er på veg inn i. Forteljarhaldninga er heile tida nøktern og distansert, også når det gjeld mobbeoffer og andre ein kan føle medkjensle med. Tittelen er den same som slagordet til tungvektsboksaren Muhammad Ali, og i fleire av novellene spelar også boksing ei rolle. Denne novellesamlinga var ein god del meir populær hjå kritikarane enn debuten. Frode Grytten vert skildra som «en lovende og begavet forfatter»,«Livet, døden og hostesaften» av Tone Solberg i Dagbladet (12.10.1986). og det er lite negativt dei har å seie.

Langdistansesvømmar frå 1990 følgjer mykje i same sporet, men her har Grytten gått over til berre å skrive på nynorsk, og boka er utgjeven på Det Norske Samlaget. Ho inneheld 13 noveller, og mellom dei er det putta inn korttekstar som bind novellene saman. Desse fortel til saman ei historie om ein fødsel, frå dei fyrste veane dukkar opp til barnet vert født. Ein måte å oppfatte novellene på, er at dei alle handlar om personen som vert fødd i rammehistoria, sjølv om det ikkje er denne personen som fortel alle historiene eller er hovudpersonen i dei alle.«Noveller med tæl» av Øystein Rottem i Dagbladet (16.11.1990). I alle fall er bestefar–far–son-tilhøvet eit viktig utgangspunkt for novellene, og dei er lagde til både 1930-, 1950- og 1970-/1980-talet for å fortelje historiene til desse tre slektsledda. Tittelen viser både til det nyfødde barnet som har sumt langt i magen til mora og mannsideala i novellene. Boka er sagt å markere eit skilje i forfattarskapen til Grytten, i og med at ho er sluttpunktet for skildringa av ungdomslivet.Norges litteraturhistorie, bind 8, s. 758. Kritikarane var nøgde med også denne novellesamlinga. Mellom anna skreiv Randi Brenden i Dag og Tid at: «Eg synes denne vesle novellesamlinga er eit viktig tilskot til bokhausten 1990,»Bokmelding av Randi Brenden i Dag og Tid (01.11.1990). og Øystein Rottem i Dagbladet skreiv: «I det hele tatt er det nok å glede seg over.»

mini|upright|Sammy Davis jr. opptrer på Birdland i 1956. Grytten viser til jazzklubben i den tredje novellesamlinga si. 80° aust for Birdland og Meir enn regn I 1993 gav Frode Grytten ut den tredje novellesamlinga si, 80° aust for Birdland. Birdland er ein legendarisk jazzklubb i New York, og 80° aust for Birdland finn ein Vestlandet.«Vestlandsk klangtone» av Steinar Sivertsen i Bergens Tidende (25.10.1993). Som tittelen fortel, spelar musikken ei spesielt viktig rolle i dei ni korte novellene ein finn i denne boka. Mange stader vert det vist til moderne rockeklassikarar av mellom andre The Clash og Bob Dylan. I tillegg finn ein ei større spreiing når det gjeld motiv og geografi enn i dei tidlegare bøkene hans. Kritikken var god, men i bokmeldingane vart det peikt på at enkelte noveller var svake, uoriginale eller klisjéaktige.«Historia verkar oppdikta, og for denne lesaren framstår ho som likegyldig målt mot resten av samlinga,» skriv Oddmund Hagen i «Utfordrar det vaksne» i Dag og Tid (29.10.1993) om «Ei regnvåt fele». «Spesielt original er ikkje boka,» skriv Steinar Sivertsen i «Vestlandsk klang tone» i Bergens Tidende (25.10.1993). «[…] kvalmen over neonlys i hovedstaden virker like klisjéaktig som den overbærende kjærligheten til kystlandskapet i vest virker ekte,» skriv Erle M. Stokke i «Frodig Grytten» i Morgenbladet (26.–29.11.1993) om «Orgie».

I Meir enn regn frå 1995 er det ei melankolsk stemning lesaren møter i dei ni novellene. Tittelen viser til Tom Waits-songen «More Than Rain». At alt ein gong tek slutt og angsten for å miste nokon er kjensler Frode Grytten skildrar med skrivemåten sin, som er usentimental, men likevel ikkje manglar medkjensle. På same måten som i andre bøker, skildrar han også i denne samlinga det vanskelege valet om personane skal verte buande i heimbygda eller flytte til ein annan stad med fleire moglegheiter.«Livsnære noveller» av Eiliv Eide i Bergens Tidende (13.10.1995). Ei utvikling ein kan sjå hjå Grytten i denne boka, er at han lèt meir vere opp til lesaren ved å ymte. Likevel ynskte kritikaren Steinar Sivertsen seg «mindre fortolking og meir undertekst».«Når augneblinken utvidar seg» av Steinar Sivertsen i Stavanger Aftenblad (20.10.1995). Elles var kritikkane stort sett gode.

Bikubesong og Popsongar