Soroca er ein by og ein mindre bykommune (oraș) innanfor distriktet Soroca i Moldova og hovudsete i distriktet. Han ligg ved elva Dnister, om lag 160 km nord for Chișinău og har om lag 22 000 innbyggjarar. I 2016 fekk Soroca status som municipiu, men utan å bli rekna på distriktsnivå.
Soroca har ein forholdsvis stor minoritet av sigøynarar, noko som har gjort at byen stundom vert kalla «sigøynarane sin hovudstad».
mini|venstre|Festninga i Soroca Byen har opphavet sitt som ein mellomaldersk handelsstasjon for Republikken Genova. Seinare bygde fyrst Stefan III av Moldavia ei festning her i 1499 som byen er kjend for i dag.
Under den store tyrkiske krigen klarte John Sobieski og styrkane hans å forsvare festninga mot osmanarane. Byen var militært viktig under Prut-felttoget til Peter den store i 1711. Festninga vart plyndra av russarane under den russisk-tyrkiske krigen 1735-1739.
Folketal Kommunen har den eine busetnaden. For 2014 er det ikkje offentleggjort detaljerte resultat for busetnadene.
Folketal 2004 Folketal 2014 Soroca 28 362 – Kommunen Soroca 28 362 22 196
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Soroca» frå , den 5. februar 2008.
Referansar
Kategori:Byar og tettstader i distriktet Soroca Kategori:Mindre bykommunar i Moldova