Peter Henry Abrahams () var ein forfattar frå Sør-Afrika.
Abrahams var fødd og oppvaksen i Vrededorp, ein fattig forstad til Johannesburg. Han reiste frå Sør-Afrika i 1939, og jobba først som sjømann, seinare fekk han jobb som journalist i London. I 1956 flytta han til Jamaica.
Gjennombrotet sitt fekk Abrahams med romanen Mine Boy i 1946. Dette var ein av dei første romanane som tok for seg situasjonen til dei svarte i Sør-Afrika. I romanane sine skildrar han mellom anna livet i slummen og i kolgruvene der han voks opp. Fleire av bøkene hans er omsette til norsk.
Bibliografi A black man speaks of freedom (1940), diktsamling Dark testament (1942), novellesamling Song of the city (1945) Mine boy (1946) The path of thunder (1948) Wild conquest (1950) Return to Goli (1953) Tell freedom (1954) sjølvbiografi A wreath for Udomo (1956) A night of their own (1965) This island now (1966) A new creation (1982) A view from Coyaba (1985)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Peter Henry Abrahams» frå , og «Peter Abrahams» frå den 5. februar 2008.
caplex.no
Kategori:Sørafrikanske forfattarar Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Folk frå Johannesburg