Kai Breder Fjell () var ein norsk målar, scenograf og teiknar, fødd i Skoger.

Liv og virke Fjell var son av Conrad Bendiks Fjeld, som var gardbrukar og målar, og Astrid Andersen. Han var fødd på storgarden Andorsrud ved Drammen. Familien flytta seinare til Nordby aust for Elverum. Fjell var odelsgut, og var venta å overta garden. I staden stakk han av til Oslo for å vera målar.

Kai Fjell var elev ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i 1927 og ved Statens Kunstakademi under Axel Revold i 1928-29. I 1929-31 arbeidde han som reklameteiknar.

Fjell gifta seg i 1931 med Ingeborg Helene Holt. Ho var ein stor inspirasjon for kunsten hans, og bidrog til å forsørgja han med fast stilling på ein dagheim for ungar.

Fjell debuterte utan suksess ved ei kollektivutstilling i Kunstforeningen i Oslo i 1932. Etter utstillinga brende han dei fleste verka. I 1934 vart han sterkt påverka av ei utstilling på Kunstnernes Hus med tysk ekspresjonisme, og utvikla sin eigen stil. Han slo igjennom i 1937 då han heldt den første separatutstillinga si på Kunstnernes hus i Oslo. Alle verka hans vart selte, og Nasjonalgalleriet var ein av kjøparane.

Fjell måla heilt fram til han døydde i 1989.

Kunst Fjell arbeidde mest med oljemåleri, men han utførte òg arbeid innan teikning, skulptur og grafikk. Han illustrerte bøker og laga scenedekorasjonar for Nationaltheatret. Arbeida hans vart tidleg prega av ein ornamental ekspresjonisme, og menneskeskikkelsane hans er delvis gjevne att naturalistisk, delvis bygd opp av geometriske figurar. Han var òg inspirert av norsk folkekunst.

Hovudverket til Fjell, Kunst 3 med Kalven reiser seg, Violinen og Likkjøreren, heng i Nasjonalmuseet. Arbeidet Mor og barn er ofte reprodusert. Elles har Regjeringsbygningen, Bakkehaugen kyrkje og Norsk Skogmuseum store arbeid av han. Han vart utnemnd til Kommandør av St. Olavs Orden i 1976.

Kjelder

Kategori:Norske teiknarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Drammen Kategori:Målarar frå 1900-talet