Vecht er ei grein av Rhinen i provinsen Utrecht i Nederland. Ho vert stundom kalla Utrechtse Vecht for ikkje å forveksle ho med elva ved Overijssel.
Vecht spring ut frå byen Utrecht, der Kromme Rijn forgreinar seg i to greiner, Leidse Rijn/Oude Rijn mot vest og Vecht i nord. Vecht snor seg nordover forbi byane Maarssen, Breukelen og Nigtevecht og så inn i provinsen Noord-Holland. Her renn ho gjennom Weesp og munnar ut i Markermeer (tidlegare Zuiderzee). Amsterdam-Rijnkanaal (Amsterdam-Rhin-kanalen) vart grave ut i nedslagsfeltet til Vecht.
På 1600- og 1700-talet vart det bygd mange eigedomar kalla buitenplaats langs breidda av Vecht av rike kjøpmenn og administratorar frå Amsterdam.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vecht (Utrecht)» frå , den 9. februar 2008.
Kategori:Elvar i Nederland Kategori:Rhinen-Maas-Schelde-deltaet