Joranger kyrkje er ei langkyrkjeKyrkjebyggdatabasen skriv at Joranger har "korsplan", det må vere ein feil. frå 1600-talet som står på Indre Hafslo i Luster kommune i Vestland. Kyrkja, som ligg på ei høgd med utsyn over Lustrafjorden, er bygd i tre og kvitmåla.

Medan ein tidlegare rekna med at kyrkja var bygd rundt 1660, viser dateringar av interiør og inventar at ho sannsynlegvis er eldre, truleg frå byrjinga av 1600-talet. Altartavla er måla i 1639, medan bjelkane i kortaket har vore dekorert i 1643 og 1652.

Også før den noverande kyrkja blei bygd har det stått kyrkje på staden. To kyrkjeklokker som finst her er frå 1200-talet. Ein bronselysestake frå same hundreåret finst no på Bergen Museum.

Joranger kyrkje er i lag med Fet kyrkje soknekyrkje i Fet og Joranger sokn i Sogn prosti.

Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Kjelder Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Joranger kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane «Joranger kyrkje» på nettstaden til Luster kommune «Joranger kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon

Bakgrunnsstoff Om Fet og Joanger kyrkjelydar på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Univeristetet i Bergen

Kategori:Kyrkjer i Luster Kategori:Kyrkjer i Sogn prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1600-talet Kategori:Kulturminne i Luster