Georg Philipp Telemann () var ein tysk barokk-komponist som gjennom komposisjonane sine og musikksynet sitt formidla nye impuls og sette eit sterkt preg på musikkverda på første halvdel av 1700-talet.
Telemann er truleg den mest produktive komponisten i europeisk musikkhistorieThe Guinness Book of World Records 1998, Bantam Books, side 402. ISBN 0-553-57895-2., i det minste ut frå det som er bevart etter hanPhillip Huscher, Program Notes - Telemann Tafelmusik III , Chicago Symphony Orchestra, 2007. Johann Sebastian Bach og Antonio Vivaldi var samtidige med Telemann, og han var ein livslang venn av Georg Friedrich Händel. Bach vert i dag rekna som den største komponisten, men i deira levetid var Telemann den mest kjende.
Telemann lærte stort sett musikk gjennom sjølvstudium. Dei første suksessane som komponist fekk han medan han var jusstudent ved universitetet i Leipzig. Her grunnla han amatørorkester og leia operaoppføringar, og vart til slutt musikkdirektør ved universitetskyrkja. Etter korte tilsettingar ved hoffa i Sorau og Eisenach vart Telemann musikkdirektør for byen Frankfurt am Main i 1712. Han var samstundes kapellmeister ved to kyrkjer og publiserte musikken sin på eige forlag. Frå 1721 var han tilsett som Cantor Johannei og Director Musices i Hamburg, nokre av dei mest prestisjefylte musikkpostane i Tyskland, og litt seinare overtok han leiinga for operaen i byen. Han stod framleis i tett kontakt med utanlandske hoff, og organiserte regelmessig offentlege konserter for det øvre sosiale laget i byen. Internasjonal ry fekk Telemann etter eit åtte månaders opphald i Paris i 1737-38.
Verklista til Telemann er særs omfangsrik og omfattar alle dei vanlegaste av musikkformene på tida. Eit utprega trekk ved musikken hans er songbare melodiar og oppfinnsam bruk av klangfargar, og – særskild i seinare verk – uvanlege harmoniske effektar. Instrumentalverka til Telemann er ofte prega av fransk og italiensk påverknad, mellom anna òg med innslag av polsk folkemusikk.
Etterkvart som dei kulturhistoriske ideala endra seg utover på 1800-talet møtte musikken til Telemann hard kritikk. Først på andre halvdel av 1900-talet byrja ein på ei systematisk utforsking av den samla produksjonen hans, og arbeidet er framleis ikkje avslutta fordi det store omfanget gjer det vanskeleg å få oversikt.
Biografi Barn- og ungdom Telemann kom frå ein velutdanna øvre middelklassefamilie i Magdeburg; så godt som alle hans eldre slektningar var universitetsutdanna. Bortsett frå ein oldefar på farssida som hadde vore kantor i Halberstadt var ingen av familiemedlemmene til Telemann direkte involvert med musikk som yrke. Georg Philipp var den yngste av tre søsken som nådde vaksen alder. mini|Interiør frå Magdeburg domkyrkje Han var elev ved gymnaset ved Magdeburg domkyrkje der han fekk undervisning i latin, retorikk, dialektikk og tysk litteratur. Den omfattande allmenndanninga gav seg mellom anna utslag i at han skreiv tysk, fransk og latinsk poesi, og i tillegg kunne han italiensk og engelsk.
På tida til Telemann eksisterte det ikkje offentlege konserter i Magdeburg, så verdsleg musikk oppført ved skulen vart eit viktig supplement til det kyrkjemusikalske tilbodet i byen. Gjennom sjølvstudium lærte Telemann å spele ulike instrument som skulane stilte til disposisjon. Han viste eit stort musikalsk talent og komponerte sine første stykke som tiåring, ofte i løyndom og på lånte instrument. Den første musikalske erfaringa si kunne han takke kantoren Benedikt Christiani for: etter nokre få veker med songundervisning vikarierte Telemann for kantoren som heller ville komponere framfor å undervise. I tillegg til to veker undervisning i klaverspel var dette all musikkundervisninga han fekk. Mora, som vart enke i 1685, likte ikkje at han dreiv med musikk, og åtvara spesielt mot musikarar, som hun rekna som sosialt underlegne.
Berre tolv år gammal komponerte Telemann sin første opera, Sigismundus, etter ein libretto av Christian Heinrich Postel. Mora ønskte å avverje ein musikalsk karriere og beslagla alle musikkinstrumenta hans. Rundt årsskiftet 1693/94 sendte hun sonen til ein skule i Zellerfeld. Truleg visste ho ikkje at den kyrkjelege tilsynsføraren på staden dreiv med musikk og hjelpte Telemann i dei musikalske forsøka hans. Mest kvar einaste veke komponerte Telemann motettar for kyrkjekoret, og i tillegg skreiv han ariar og høvesmusikk som han la fram for bymusikanten.
I 1697 vart Telemann elev ved det kjende Andreanum-gymnaset i Hildesheim. Her lærte han - stort sett autodidaktisk - å spele orgel, fiolin, gambe, tverrfløyte, obo, skalmeie, kontrabass og bassposaune. I tillegg komponerte han vokalmusikk for skuleteateret, og den jesuittiske kyrkjemusikalske direktør Pater Crispus i byen gav han i oppdrag å lage musikk for gudstenesta ved St. Godehardiklosteret.
Telemann vart påverka av musikklivet i Hannover og Braunschweig-Wolfenbüttel der han vart kjend med fransk og italiensk instrumentalmusikk. Erfaringar han samla på denne tida skulle i stor grad påverke dei seinare verka hans. Han fekk i all løyndom musikkundervisning, og lærte å kjenne den italiensk prega stilen til Rosenmüller, Corelli, Caldara og Steffani.
Studieår i Leipzig I 1701 avslutta Telemann grunnutdanninga og vart immatrikulert ved universitet i Leipzig. Under påtrykk frå moren var målet å utelukkande studere jus, og halde seg heilt vekk frå musikken. Det er uansett det han skriv i sjølvbiografien, men Leipzig var eit av musikksentera på denne tida, så valet av akkurat denne byen som studiestad virkar ikkje heilt tilfeldig. Alt på vegen til Leipzig stoppa han i Halle for å treffe den då sekstenårige Georg Friedrich Händel, og dei grunnla eit venskap som heldt heile livet ut.
Telemann skriv at han til å byrje med prøvde å halde sine musikalske ambisjonar hemmeleg for studiekameratane. Truleg fann den musikkglade romkameraten til Telemann ved ein (truleg fingert) tilfeldigheit ein komposisjon under noko bagasje. Stykket vart oppført i Tomaskyrkja følgjande søndag, og det førte til at borgarmeisteren bestilte to nykomponerte kantatar kvar månad.
250px
Underskrifta til Telemann (1714 og 1757)
I 1702, berre eit år etter han byrja ved universitet grunnla han eit 40-manns amatørorkester for studentane, eit såkalla Collegium musicum. Orkesteret gav offentlege konsertar og heldt fram å eksistere under same namn etter at Telemann forlet Leipzig. Òg seinare, under leiing av Johann Sebastian Bach, var det «telemannske» collegium musicum viktig for musikklivet i byen.
Same år ledet Telemann oppføringar ved operaen i Leipzig. Han var òg hovudkomponist her heilt til operaen vart stengd. Medlemmer av collegium musicum deltok under operaoppføringane og Telemann spelte sjølv generalbass. Iblant song han òg. Den offisielle musikkdirektøren i byen, Johann Kuhnau, var irritert på det voksande ryet til Telemann og hevda at oppføringane av dei verdslege verka til Telemann skjedde på kostnad av kyrkjemusikken. Dermed nekta han sine kormedlemmer å delta ved operaoppføringane. I 1704 fekk Telemann stilling som musikkdirektør ved universitetskyrkja i Leipzig. Organistposten som følgde med gav han til studentar.
Medan han var i Leipzig foretok han to reiser til Berlin, og i 1704 tilbaud greve Erdmann von Promnitz han posten som kapellmeister ved hoffet i Sorau, Schlesien. Det er uvisst kvifor han trekte til seg merksemda til greven, men det er mogeleg at det spente forholdet til Kuhnau fekk Telemann til å ønskje seg vekk frå Leipzig.
Sorau og Eisenach I juni 1705 byrja Telemann å arbeide hos greven i Sorau. Greven var ein stor beundrar av fransk musikk og rekna Telemann som ein verdig etterfølgjar til den Lully- og Campra-prega Versailles-skulen. Etter ei reise til Paris tok greven med seg musikk av dei franske komponistane og fekk Telemann til å studere dei. Telemann trefte Erdmann Neumeister i Sorau, seinare skulle dei møtast igjen i Hamburg, og Telemann komponere musikk til tekstane hans. På ei reise til Krakow og Pszczyna lærte Telemann å sette pris på polsk og mährisk folkemusikk som han høyrte i vertshus og på offentlege arrangement.
Telemann forlet Sorau i 1706 fordi byen var trua av den svenske armeen til Karl den tolvte. Han reiste til Eisenach der han vart konsertmeister og kantor ved hoffet til hertug Johann Wilhelm, og han grunnla eit orkester. Her trefte han Johann Bernhard Bach den eldre og Johann Sebastian Bach. I Eisenach komponerte han konserter for ulike besetningar, 60 til 70 kantater og serenadar, kyrkjemusikk og «operetter» for festlege høve. Tekstene forfatta han oftast sjølv. I tillegg kom fire eller fem årgangar kantater for gudstenestene. Med barytonstemma si deltok han sjølv ved oppføringane av sine eigne kantatar.
I oktober 1709 gifta Telemann seg med Amalie Luise Juliane Eberlin, ei av hoffdamene til grevinna av Promnitz. Kort tid før utnemnde hertugen han til sekretær - ein høg stilling på den tida. Kona til Telemann fekk barselfeber og døydde alt i januar 1711 under fødselen av den første dottera deira.
Frankfurt mini|Telemann, Koparstikk av Georg Lichtensteger (ca 1745) Kanskje søkte han nye utfordringar, kanskje ville han verte sjølvstendig av adelen, men uansett søkte Telemann stillingar i Frankfurt. I 1712 vart han utnemnd til musikkdirektør i byen og kapellmeister ved Paulskyrkja, og noko seinare òg ved Katharinakyrkja. Han fullførte kantateårgangane han hadde starta i Eisenach og komponerte ytterlegare fem. Elles hadde han ansvar for undervisninga av privatelevar. Som i Leipzig nøyde ikkje Telemann seg med desse pliktene, i 1713 overtok han organiseringa av dei vekentlege konsertane i byen og tok òg på seg verv utanfor musikklivet. Hoffet i Eisenach utnemnde Telemann til kapellmeister von Haus aus (utanfor huset/hoffet), han fekk til og med halde tittelen, men leverte berre kantatar og høvesmusikk til hoffet og kyrkjene. Denne posisjonen hadde han til 1731.
I tillegg til kantatene han komponerte i Frankfurt skreiv han òg oratorium, orkester- og kammermusikk, der det meste av dette vart publisert. Dessutan skreiv han musikk for politiske høve og bryllaupsserenader. Til gjengjeld fann han ikkje høve til å publisere operaer, sjølv om han framleis komponerte for operaen i Leipzig.
I 1714 gifta Telemann seg med den 16-årige Maria Catharina Textor (1697–1775). Året etter gav han ut sine første trykte verk på eige forlag. Etter å ha brukt eit gunstig jobbtilbod frå hertug Fredrik av Sachsen-Gotha-Altenburg i Gotha som brekkstong klarte Telemann å auke årsinntekta frå byen med 100 Gulden. Samanlagt tente han no 1 600 Gulden i året, og var vorte ein av de best betalte innbyggjarane i Frankfurt.
Under eit besøk i Dresden i 1719 trefte han Händel igjen, og han tileigna fiolinvirtuosen Pisendel ei samling fiolinkonserter. Sjølv etter han hadde reist frå Frankfurt skreiv Telemann eit verk for byen kvart tredje år fram til 1757.
mini|Avskjedssøknaden til Telemann til byrådet i Hamburg, 1722
Første tid i Hamburg I 1721 aksepterte Telemann eit tilbod om stillingane som Cantor Johannei og Director Musices i Hamburg. Han var dermed den musikalske leiaren i byen og hadde mellom anna ansvaret for musikken ved dei fem store evangelisk-lutherske bykyrkjene. Først no hadde han høve til å komponere og oppføre musikk i alle musikalske former, og den 46 år lange hovudperioden hans som skapande kunstnar kunne byrje.
To kantater i veka og ein pasjon per år var komposisjonspliktene Telemann no hadde tatt på seg. I tillegg komponerte han mange musikkstykke for private og offentlege høve. Kantorstillinga ved Johannes-skulen førte med seg oppgåver som lærar, både musikalske og andre, men utanommusikalsk undervisning utførte ikkje Telemann personleg. Elles bygde han opp igjen det Collegium musicum som Matthias Weckmann grunnla i 1660 og som ein periode ikkje hadde halde konserter. Inngangsbillettane selde han sjølv.