Laksen er ein 65 meter lang steinskulptur som førestiller ein laks. Han ligg ved lakseelva Jølstra og den såkalla «utstillingsplassen» i Førde sentrum i Vestland fylke. Han er den lengste einskildskulpturen i Noreg. Laksen vart laga av den danske bilethoggaren Jørn Rønnau og dugnadsfolk frå 1989 til 1991. Han vart offisielt opna av kunstnaren og ordføraren i Førde, Aud Wiger, 30. oktober 1991.
Kjelder
Bakgrunnsstoff «Verd å sjå i Førde» på NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon Vevsidene til skulptøren Rønnau
Kategori:Kultur i Sunnfjord Kategori:Reiseliv i Vestland Kategori:Skulpturar i Noreg Kategori:Fiskar i kulturen Kategori:Verk frå 1991