Sakhalin oblast er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Juzjno-Sakhalinsk, arealet er 87 100 km² og innbyggjartalet er 485 621 (2021). Provinsen består av øya Sakhalin og øygruppa Kurilane i Stillehavet. Dei sørlegaste øyane i Kurilane vert òg kravde av Japan.
Folkesetnad Berre 20 % av folket bur utanfor byar. Den einaste store byen er Juzjno-Sakhalinsk med 181 700 ibuarar i 2010. Dei andre byane har under 40 000 ibuarar. Fleirtalet av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske fordelinga:"Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010 Russarar: 82,3 % Koreanarar: 5,0 % Ukrainarar: 2,4 % Det største av urfolka, nivkhane, utgjorde 2290 menneske, 0,5 % av folketalet i provinsen.
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Russiske føderasjonssubjekt