Vivendel (Lonicera periclymenum) er ein lian i leddvedslekta i kaprifolfamilien som klengjer seg på andre tre og buskar. Han veks vilt i Europa pg blir også brukt som hageplante.
mini|venstre|Vivendelblomar. Utsjånad Vivendel har klengjestengel, og tvinnar seg rundt andre tre og greiner. Stengelen kan bli mange meter lang. Vivendel har einskilde mjuke hår på blada, og store lysgule blomsterhovud i greintoppane. Blomstrane kan vere raudfarga på utsida.
Blomsteren på vivendel ser ut som ein rett trompet. Det er berre insekt med lang sugesnabel som rekkjer ned til nektaren inst i blomsterrøyret.
Etter blomstring får vivendelen raude bær.
mini|venstre|Utbreiinga av vivendel. Utbreiing Vivenvdel finst i Vest-Europa, på øyar i Middelhavet, i Marokko og i Vesleasia. I Noreg veks vivendelen kring Oslofjorden og i kyst- og fjordstrok nord til Velfjord. I Sokndal veks han opp til 450 moh. Vivendelen veks òg i kyststrok i Sør-Sverige.
Kultur Vivendel er fylkesblomster i Aust-Agder.
Kjelder
Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2 C.A.M. Lideman Nordens Flora Gyldendal Norsk Forlag 1977 ISBN 82-05-08681-8 Botanisk museum
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kaprifolfamilien Kategori:Viltveksande plantar i Noreg Kategori:Aust-Agder fylke Kategori:Hageplantar