Singlefjorden er ein fjord i Østfold ved grensa til Sverige og vestover i området nord for Hvaler kommune. Heilt ved riksgrensa strekkjer den smale Ringdalsfjorden seg austover mot Halden og så vidare sørover langs riksgrensa som Iddefjorden. Singlefjorden strekkjer seg mot Oslofjorden i vest og mottek ein del vatn frå Glomma, som munnar ut ved Fredrikstad.

Bortsett frå Iddefjorden er andre mindre fjordarmar Skjebergkilen, som går nordover til Skjeberg, Røsneskilen og Tosekilen.

Kategori:Fjordar i Østfold Kategori:Geografi i Hvaler Kategori:Geografi i Sarpsborg Kategori:Geografi i Fredrikstad Kategori:Den norsk-svenske riksgrensa