Østerfjorden er den austlege delen av Søndeledfjorden i Risør kommune. Han strekkjer seg frå Flatholmane i vest til innløpet av Nordfjorden, ein anna del av Søndeledfjorden som går på nordsida av halvøya Barmen. Østerfjorden grensar til øyane Vardøya og Risøya i sør og inneheld buktene Vindvikbukta og Sandvikbukta på kysten i nord. Østerfjorden har ei lengd på om lag 4 km.
Kategori:Fjordar i Risør