Lyngørfjorden er ein fjord i Tvedestrand kommune som ligg i området nord for Lyngør. Han strekk 8,5 km sørvestover frå Teistholmen til Gjesøya sør for Krokvåg. Ei rekkje øyar dannar den sørlege grensa av fjorden. Frå aust mot vest er desse Odden, som delar av Lyngør ligg på, Steinsøya, Askerøya, austre Lyktene, store Bastholmen og Gjesøya. Sør for den vestlege delen av Lyngørfjorden ligg Sandøyfjorden.
Kategori:Fjordar i Tvedestrand