Nirvana var ei rockegruppe som blei til i Aberdeen i Washington i 1987. Ho hadde seks medlemmer: Pat Smear, Chad Channing, Kurt Cobain, Jason Everman, Dave Grohl og Krist Novoselic. Namnet på gruppa kjem frå det orientalske frelseomgrepet nirvana.
Musikken deira var ei blanding av punk og alternativ rock, og fekk merkelappen grunge av pressa. Gruppa var òg kjend som ein hovudrepresentant for «Generasjon X». Etter at vokalist en Kurt Cobain tok livet sitt i 1994, løyste gruppa seg opp. Medlemmer av Nirvana har etter oppløysinga dukka opp igjen i grupper som Foo Fighters og Queens of the Stone Age.
Gruppa gav ut sitt første album, Bleach, i 1989. Fram til 1996 gav dei ut fem album. I 1991 kom albumet Nevermind ut, og da fekk Nirvana verkeleg gjennombrotet sitt. Det siste albumet, From the Muddy Banks of the Wishkah (live), vart gjeve ut etter at Kurt Cobain døydde, men var da eit album med opptak frå konsertar i perioden 1989 til 1994.
Diskografi Album 1989 - Bleach 1991 - Nevermind 1992 - Incesticide 1993 - In Utero 1994 - MTV Unplugged in New York
Samleplater 1996 - From the Muddy Banks of the Wishkah 2002 - Nirvana 2004 - With The Lights Out 2005 - Sliver: The Best Of The Box
Nirvana Kategori:Musikkgrupper skipa i 1987 Kategori:Musikkgrupper oppløyste i 1994 Kategori:Brit Award-vinnarar Kategori:Grammy-vinnarar