Tømmarmann er ei bille i trebukkfamilien. Ho er med dei ekstremt lange antennene sine mellom dei mest karakteristiske artane i gruppa. Ein finn dei vanleg i barskogsområde i heile Europa og nordlege delar av Asia.

Levesett Tømmarmannen går først og fremst på furu, men ein finn dei òg på fleire andre bartre. Larvane lever under borken i dei nedre delane av stammer og stubbar, og øvst i røtene på daudt og ferskt trevirke. Dei gneg ut eit puppekammer ytst i veden eller i sjølve borken. Her overvintrar dei, før dei kjem ut mellom mai og juli ein gong.

Kjelder

Norges biller

Bakgrunnsstoff

Tømmermann