Fylkesveg 609 (Fv609) går mellom Førde og Dale i Fjaler. Vegen er 75 km lang.

Vegen frå Eikenes og austover mot Otterstein vart bygd på 1970-talet, etter at Stortinget hadde vedteke å bygge bru over Dalsfjorden mellom Otterstein og Nishammar. Vegbygginga stoppa i 1979, og tok ikkje oppatt før 2010 med opning av Dalsfjordsambandet 14. desember 2013. Denne brua erstatta ferjesambandet Dale-Eikenes, som var siste delen av fylkesvegen.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.

I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og gamle Fylkesveg 366 i Sogn og Fjordane vart del av Fv609.

Kommunar og knutepunkt

Førde Kvernbergtunnelen (779 m) Kyrkjebø → Kråkenesvegen til Kråkenes (7,1 km) Nordheitunnelen (414 m) Trollhaugen Arm Bjørkedalsvegen til vegkryss Bruhaugen (640 m) → kommunal veg til Fauske (0,6 km) → Kommunal veg til Bjørkedalen (2,5 km)

Ulveskaret Arm Leknesvegen til vegkryss Høgda (640 m) → kommunal veg til Kvammen, Leknes, og gamlevegen Brekka - Løvika → kommunal veg og gamlevegen til Gjelsvika (2,1 km) Skorvetunnelen (484 m) Skorven → Skorvemarka til Skjerlia Vågane → kommunal veg til Stavestranda (2,5 km) Håkleivtunnelen (140 m) Stongfjorden → Stavenesvegen til Holevik (12,7 km) Lynghogtunnelen (20 m) Stigabergtunnelen (50 m) Ringstad → Askvollvegen til Askvoll og Askvoll ferjekai → til Atløyna → til Fure → til Værlandet Holmedal → Holmedalsvegen til Straumsbru om Helle (8,0 km) Eikenes nedlagd ferjestad Dalsfjordtunnelen (552 m) Ottersteintunnelen (1940 m) Dalsfjordbrua (619 m)

Nishammartunnelen (270 m) tunnelarm Endepunkt Nishammartunnelen → til Dale → til Espeland

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Primære fylkesvegar

Kategori:Vegar i Sunnfjord Kategori:Vegar i Askvoll Kategori:Vegar i Fjaler