Skorpefjorden er ein fjord eller eit sund i Kinn kommune i Vestland som ligg vest for Florø mellom øyane Skorpa i nord og Kinn og Reksta i sør. Fjorden strekkjer seg om lag 10 km frå vest og innover mot Florø.
Fjorden startar i vest mellom Kinn og Nærøya, like aust for Ytterøyane fyr, og endar opp mellom Nordre Nekkøya og Ånnøya i aust.
Kategori:Fjordar i Kinn