Sjå òg Fylkesveg 651 (fleirtyding) Fylkesveg 651 (Fv651) går mellom Volda og Straumshamn i Volda. Veglengda er ein ferjefri alternativ veg til europaveg 39 mellom Volda og Straumshamn. På sørsida av Voldsfjorden (Fyrde - Straumshamn) er han så smal at han ikkje er eit godt alternativ, medan vegen på nordsida derimot har relativt god standard. Veglengda er 39,7 km.
I 1999 vedtok regjeringa at den framtidige stamvegen (E39) mellom Nordfjord og Volda skal gå mellom den vestre delen av Hornindal og Austefjord i Volda. Byggestart for vegen var i januar 2009. Når denne vegen vert ferdig i 2012, vert riksveg 651 på nordsida av Austefjorden/Voldafjorden ein del av E39.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma tredde i kraft har han status som fylkesveg.
Kommunar og knutepunkt
Volda frå Sjukehuskrysset til Brautaset i Ørsta (8,2 km) Rotsethorntunnelen (3962 m) Tunnelarm i Rotsethorntunnelen til Greifsneset (0,3 km) Greifsneset frå Hunneset til Vatne i Ørsta (10,5 km) Årsettunnelen (236 m)
frå Fyrde til Viddal i Ørsta Høydalstunnelen (188 m) Straumshamn
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Primære fylkesvegar Kategori:Fylkesvegar i Møre og Romsdal Kategori:Vegar i Volda