Saltsyre er ei sterk, uorganisk syre med kjemisk formel HCl(aq). Ho består av hydrogenklorid (HCl) løyst i vatn (aq). Namnet saltsyre blir ofte òg brukt om hydrogenklorid, og det er vanleg å angi formelen HCl for saltsyre.
Namnet kjem av at ein tidlegare framstilte syra ved å behandla vanleg salt, natriumklorid, med svovelsyre.
Bruk Saltsyre vert ofte brukt for å regulera pH i løysningar, og i produksjon av organiske og uorganiske sambindingar. Ho er mykje brukt i industrien.
Ein 3:1-blanding av konsentrert saltsyre og konsentrert salpetersyre vert kalla kongevatn. Denne blandinga løyser opp både gull og platina. Saltsyre åleine løyser dei fleste andre metall, og er ein vanleg ingrediens i avkalkingsmiddel.
Fortynna saltsyre vert brukt i undervisning for å demonstrera eigenskapane til ei syre. Syra er og ein vanleg brukt reagens.
Syra vert brukt som surheitsregulerande middel i matvarer og har da E-nummer 507.
Biologisk rolle
Fortynna finst saltsyre i magesekken, i form av magesaft.
Andre sterke syrer Salpetersyre Svovelsyre
Kategori:Løysingar Kategori:Mineralsyrer