Fylkesveg 63 (Fv63) er ein veg som går mellom Åndalsnes i Rauma kommune og Langevatn i Skjåk kommune. Vegen er 103,6 km lang utanom ferjestrekninga, av dette 101 km i Møre og Romsdal og 2,6 km i Oppland. Vegstrekninga omfattar dei tre kjende fjellovergangane Trollstigen (opna 1936), Ørnevegen (opna 1956) og Geirangervegen (opna 1889).

Vegen forlèt E 136 ved Sogge bru sør for Åndalsnes, følgjer Isterdalen som Trollstigvegen, vidare gjennom Meierdalen og Valldal til tettstaden Sylte ved fjorden og vidare til ferjestaden Linge. Gjennom Valldal kryssar vegen storelva (Valldøla) ved Alstad (Gudbrandsjuvet), Hol, Uri og Muri. frå Linge går det ferje over Norddalsfjorden til Eidsdal, traséen held fram over Korsmyra og ned Ørnevegen til Geiranger. Frå her startar Geirangervegen som går opp forbi Dalsnibba til Langevatn der han møter Rv15. Han er vinterstengd mellom Geiranger og Langevatn og over Trollstigen. Vegen er asfaltert og har varierande breidde (eitt køyrefelt på det smalaste). Særleg dei tre fjellovergangane på strekninga har skarpe kurvar og fleire hårnålssvingar.

Ferjestrekninga Eidsdal-Linge er del av vegen, i tillegg knyter turistferga Geiranger-Hellesylt vegen til Fylkesveg 60 ved Hellesylt.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, men har no status som fylkesveg etter at forvaltingsreforma trod i kraft.

Nasjonal turistveg Heile vegen har status som Nasjonal turistveg Geiranger - Trollstigen.

Vegen var tidlegare ein del av reiselivsproduktet The Golden Route, og er no utpeikt som nasjonal turistveg av vegstyresmaktene. Geiranger-Trollstigen vart offisielt innvia (av samferdselsminister Kleppa) som nasjonal turistveg med ein seremoni på Stigrøra (Trollstigplatået) 16.juni 2012. Dette var samtidig ei offisiell markering av dei 17 andre nasjonale turistvegane.Romsdals Budstikke på nett 16.juni 2012 http://www.rbnett.no/nyheter/article474628.ece NRK http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.8204422 (lest 17.juni 2012) Nettsidene for nasjonale turistvegar karakteriserer vegen slik «norsk vestlandsnatur på sitt sterkaste og byr på utsikt over stupbratte fjell, djupe fjordar og frodige dalføre.» «Dette er eit monument som blir ståande som historisk inn i framtida», sa Kleppa om det nye besøkssenteret på Stigrøra.NRK http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.8204422

Historie mini|MF «Geiranger» trafikerte Geiranger-Valldal frå 1937 Oppover Valldal var det i 1827 køyreveg berre til Skjersura ved Alstad, etter vegarbeid frå 1820 var vegen gjennom Skjersura farande med vogn i 1840.Grunn og Gror. Kultursoge for Norddal. Redigert av Ivar Kleiva. Utgjeve i Valldal 1976. 60 år seinare var det god bygdeveg frå Sylte til Langdal og såvidt køyrande til Øvstestølen. Ridevegen over «Stegafjellet» (Trollstigen) var ferdig i 1913.Furseth, Astor (1987): Norddal i 150 år. Valldal: Norddal kommune. Vegen gjennom Valldal fekk nye bruer først Gudbrands bru (Gudbrandsjuvet) i 1919, Hoel bru 1921, Uri bru 1924 og Krike bru i 1927. Desse bruene vart del av strevet med å få til køyrande veg over fjellet til Åndalsnes (Trollstigen), vegen over fjellet var ferdig i 1936.Statens vegvesen, Møre og Romsdal (2001): Vegminner i Møre og Romsdal fylke.

Før Trollstigen vart opna i 1936 var Geirangervegen den einaste samanhengande køyrevegen på det som no er fylkesveg 63. Trollstigen knytte Valldal til Åndalsnes med Raumabanen og veg over Lesja til Austlandet. Før Trollstigen var Valldal utan køyreveg til omverda. Ørnevegen opna i 1956 og før den tid hadde Geiranger og Valldal ferjesamband (ferjestaden var Sylte). Frå 1956 vart det direkte veg mellom Åndalsnes og Geiranger berre avbrote av den korte ferjeturen over Norddalsfjorden. Ferjesambandet Linge-Eidsdal opna i 1967.Torvik, Arne Inge: Om samferdsel i Møre og Romsdal. Molde: MRF, 2000.

Tidsline

1776: Første kjente anleggsarbeid i Trollstigen 1840: Veg køyrande med vogn til Langdal 1857: Arbeid på Geirangervegen tok til 1889: Geirangervegen (til Grotli) opna 1913: Rideveg over «Stegafjellet» (Trollstigen) ferdig 1916: Arbeid på køyrevegen Valldalen-Romsdalen tok til 1924: Raumabanen opna 1930: Dei nye køyrevegane gjennom Valldal og Isterdal ferdig (Sylte-Øvstestøl og Sogge-Bøseter) 1936: Trollstigen opna 1939/1948: Vegen til Dalsnibba ferdig/opna 1956: Ørnevegen opna 1967: Ferjekaia flytta frå Sylte til Linge 1977: Ny veg over Strynefjellet innkortar Geirangervegen 2012: Nasjonal turistveg

Kommunar og knutepunkt

Sogge bru frå Soggeberget til Raumabrua (4,7 km) Hanekamhaug, bom for vinterstenging Trollstigvegen Kløvstien (gammal sti) Stigfossen Stigrøra (utsiktsplattform)

Alnesreset, det høgaste punktet på strekninga (850 moh.), kommunegrense

Øvstestøl (seter/hyttegrend) Langdal, bom for vinterstenging Valldal Skjerdsura Gudbrandsjuvet frå Holsbrua til Uribrua (6,8 km)

Holsbrua Myklebustbrua Uribrua Uribrua Sylte i Valldal frå Sylte til Fjørå og Tafjord Ferje frå Sylte i Valldal til Geiranger (15. juni - 15. august, 2 turar/dag) Muribrua (mellom Sylte og Muri) Linge → retning Ålesund. Einaste samband om vinteren. Ferje frå Linge til Eidsdal (10 min, tre turar/time) frå Eidsdal til Norddal (Dalsbygda)

Oppskredtunnelen (600 m) det høgaste punktet på strekninga (624 moh.)

Ørnevegen Geiranger ferje frå Geiranger til Hellesylt (1. mai - 30. september, 8 turar/dag) Flydalsjuvet Oplenskedal, bom for vinterstenging Geirangervegen Veg frå Djupvasshytta til Dalsnibba Djupvatnet, det høgaste punktet på strekninga (1038 moh.)

Langevatn, bom for vinterstenging Langevatn

Bakgrunnsstoff

Møre og Romsdal Fylkesbaatane Ferje Eidsdal - Linge

Referanser

Kategori:Primære fylkesvegar Kategori:Fylkesvegar i Møre og Romsdal Kategori:Ferjesamband i Møre og Romsdal Kategori:Fylkesvegar i Oppland Kategori:Vegar i Rauma Kategori:Vegar i Fjord Kategori:Vegar i Stranda Kategori:Vegar i Skjåk