Lauvøya (tradisjonell uttale låvøiæ) er ei øy i Dønna kommune på Helgeland. Det er ikkje lenger fast busetjing på øya.
Eigedommen Lauvøya høyrde til frå gammalt Herøy kyrkje. I 1777 fekk Ole Hartvigsen Jentoft løyve til å drive gjestgiveri i handelshuset på øya. I 1801 kjøpte Jentoft eigedommen, ved å gjere eit makebytte der han overdrog eigedommane Skorpa og Sørra til kyrkjegodset.
Handelshuset på Lauvøya vart drive fram til midt på 1900-talet. Lauvøya hadde postkontor (Lauvøy i Helgeland, Løvø i Helgeland) til tidleg på 1960-talet. På 1920-talet var det òg ein sildoljefabrikk på øya.
I 1965 kjøpte Helgeland Skogselskap Lauvøygarden, og det meste av eigedommen, 315 dekar, vart i åra 1965-67 tilplanta med 92 000 sitkagran. Innmarka måtte plantast opp att i 1969 og 1970. Sitkagrana på Lauvøya har vakse særs godt.
På slutten av 1990-talet overdrog Skogselskapet våningshuset til Dønna kystlag. Utanom våningshuset er det meste av hus knytt til handelsstaden rivne, men mange strandsittar- og husmannsstuer er enno i bruk som hytter.
Litle Lauvøya Ved sida av Lauvøya, som òg vert kalla Store Lauvøya, ligg Litle Lauvøya. Denne øya er òg avfolka no.
Kjelder
Øyvind Jensen: «Lauvøya i Dønna» i Årbok for Helgeland 1986 ISBN 82-90148-45-3 Kåre Hansen: «Drukkenskap, Fylderie og Uskikkeligheder... Om bakgrunnen for noen av de første gjestgiveriene på Helgeland» i Årbok for Helgeland 1998/99 ISBN 82-7866-007-7 Arvid Sveli 1980: Helgeland Skogselskap gjennom 75 år
Bakgrunnsstoff O. Rygh: Norske Gaardnavne Om Lauvøya på www.bjornsmartnan.no
Kategori:Øyar i Nordland Kategori:Geografi i Dønna Kategori:Skogsaka