Korsfjorden er ein delfjord av Trondheimsfjorden i Orkland kommune i Trøndelag. Fjorden ligg i området der Flakkfjorden går vidare austover og Orkdalsfjorden går sørover. Fjorden har ei lengd på om lag 4 km frå vest til aust.

Fjorden startar i vest mellom Rødbergneset i nord og Geitaneset i sør. I aust endar fjorden om lag mellom Trongen i nord og Rye i sør.

Bygda Stadsbygd ligg i Rissa på nordsida av fjorden.

Kategori:Fjordar i Orkland