Tarvafjorden er ein fjord i Ørland kommune i Trøndelag mellom øygruppa Tarva i vest og fastlandet i aust. Fjorden har ei lengd på om lag 12 km og grensar til Frohavet i begge endar.
Fjorden har innløp i nord mellom Tristeinen i vest og Kvaløy fyr i aust. Av dei større øyane i Tarva langs fjorden finn ein Været, Husøya og Karlsøya. Frå Husøya går det ferje over fjorden til Djupfest. I sør endar fjorden mellom Gyltingen i vest og Festholmen ved Nes. Tørrskjær fyr ligg midt i leia lengst sør i fjorden.
I aust går Valsfjorden innover til Oksvoll.
Kategori:Fjordar i Ørland