Ramsundbrua er ei bru som kryssar Ramsundet mellom Straumsneset på fastlandet og Tjeldøya i Nordland. Brua er 240 meter lang, med lengste spenn 36 meter, og ho vart opna i 1986. Ho er ein del av fylkesveg 711 i Nordland.
Brua erstatta ferjesambandet mellom Selnes på fastlandet og Sandnes på Tjeldøya. Ferjesambandet hadde vore i drift sidan 1956.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Ramsundbrua» henta frå , den 12. mars 2008.
Kategori:Vegbruer i Nordland Kategori:Vegar i Tjeldsund Kategori:Bruer opna i 1986 Kategori:1986 i Noreg