2867 Šteins er ein liten asteroide i hovudbeltet oppdaga i 1969 av Nikolaj Tsjernykh og namnsett etter Kārlis Šteins, ein latvisk og sovjetisk astronom. Han blei vitja av ESA sin Rosetta-sonde 5. september 2008.
Ein studie gjennomført av astronomar ved Det europeiske sørobservatoriet viste at Šteins er ein E-type-asteroide med ein diameter på omtrent 4,6 km.«First albedo determination of 2867 Steins, target of the Rosetta mission», S. Fornasier, I. Belskaya, M. Fulchignoni, M. A. Barucci, C. Barbieri Ein lyskurveanalyse gjennomført av Rosetta viste at Šteins har ein rotasjonsperiode på omtrent seks timar, ein irregulær form og ingen månar.«OSIRIS camera on Rosetta obtains ‘light curve’ of asteroid Steins», ESA-nettnotis.
Nærpassering av Rosetta Den 5. september 2008 flaug Rosetta-sonden forbi Šteins med ein avstand på 800 kilometer og med ein relativt låg fart på 8,6 kilometer per sekund. Sonden returnerte detaljerte bilete, og forma til asteroiden kunne frå den rette vinkelen likna på ein diamant. Bileta viste òg ei rekkje krater, mellom dei eit par større som hadde ein diameter på to kilometer.«Steins: A diamond in the sky» - ESA-pressemelding etter Rosetta-sonden si nærpassering av Šteins.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Bilete og video av asteroiden tekne av Rosetta-sonden
Kategori:Hovudbelteasteroidar Kategori:Asteroidar Kategori:E-type-asteroidar Kategori:Asteroidar vitja av romsondar