mini|Bergensfjord på veg over Bjørnafjorden. mini|Baugen på Bergensfjord mini|Bergensfjord ein kveld i april MF Bergensfjord er ei bilferje som vart bygd av Aker Yards på Sunnmøre og var ferdigstilt i 2006. Ferja var ei av dei første gassdrivne ferjene som vart sette i trafikk i Noreg, og vart bygd for Fjord1 Fylkesbaatane og sett inn i ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg i 2007.
«Bergensfjord» vart formelt overlevert til Fjord1 22. november 2006 og døypt i Florø av samferdsleminister Liv Signe Navarsete 25. november.
Skroga til ferjene vart bygde i Romania. Ein flaum bydde på problem i Romania og skroga vart forseinka, og ferjene var difor ikkje klare til 1. januar 2007, då Fjord1 skulle ha teke over ruta.
«Bergensfjord» vart offisielt sett i trafikk 8. januar 2007. Seinare vart systerskipa M/F «Fanafjord» og M/F «Raunefjord» sette inn i sambandet, og M/F «Stavangerfjord» og M/F «Mastrafjord» i Arsvågen-Mortavika.
«Bergensfjord» sette verdsrekord for eittskrogs pendelferjer i Byfjorden i Bergen med 23,5 knop. Marsjfarten er 21 knop.
Kjelder
Fjord1 sine vevsider Denne artikkelen bygger på «M/F «Bergensfjord»» frå , den 16. mars 2008. oppgav desse kjeldene: ship-info.com Norsk ordinært skipsregister
Kategori:Europaveg 39 i Noreg Kategori:Norske ferjer Kategori:Skip frå 2006