Sara Cecilia Görvell Fabricius (), kjend som Cora Sandel, var ein norsk forfattar og kunstmålar.
Livssoge Ho vart fødd i Kristiania (Oslo). Familien flytta til Tromsø då ho var 12 og ho voks opp der. Ho budde både i Bankgata 3 og Storgata 95, der Perspektivet museum held hus nå. Der finst ei lita, permanent Cora Sandel-utstilling. Ho budde så mange år i Frankrike, før ho flytta til Sverige i 1921, og budde der i mange år. Ho var ein norsk forfattar som levde det meste av livet sitt utanlands, i Frankrike og i Sverige.
I unge år prøvde Fabricius å etablera seg som kunstnar. I eit år gjekk ho på målarskule hjå Harriet Backer i Oslo, men då mor hennar døydde i 1903 måtte ho reise attende til Tromsø for å ta seg av småsyskena sine. 25 år gamal drog ho igjen ut for å gå på målarskule, denne gongen til Paris, og ho kom til å bu i Frankrike i 15 år. Under opphaldet i Frankrike byrja ho å skriva reiseskildringar og noveller, mange av dei vart publiserte i det radikale tidsskriftet Mot Dag. Målarvirket gav ho opp etter at første verdskrigen tok slutt, då hadde ho gifta seg og fått ein son.
Ho debuterte som forfattar då ho var 46 år, i samband med skilsmålet frå mannen, den svenske skulptøren Anders Jönsson. Alberte og Jakob (1926) vart den fyrste i ein trilogi med delvis sjølvbiografiske romanar. Saman med Alberte og friheten (1931) og Bare Alberte (1939) var dette hennar store litterære verk. Forfattarskapen hennar bestod elles mykje av noveller, i tillegg til romanane Kranes Konditori og Kjøp ikke Dondi.
På tross av stor litterær suksess skjulte Fabricius seg bak psevdonymet sitt og levde eit ganske tilbaketrekt liv.
Diktverk Cora Sandel brukte fleire element frå sitt eige liv i forteljingane ho skreiv. Ho tok særleg opp korleis maktpersonar gjerne overkøyrte barn og unge, og viste særleg eldre kvinner som dei som heldt yngre kvinner nede.
Omsetjingar Alle bøkene hennar vart også utgitt på svensk ganske parallelt med dei norske versjonane. I tillegg har dei vorte omsette til mellom anna dansk, finsk, engelsk, nederlandsk, russisk, italiensk og tysk.
Familie Sonen hennar, Erik Jönsson, testamenterte 25 av måleria hennar til Tromsø Museum. Perspektivet Museum råder over desse.
Prisar og utmerkingar 1937 Gyldendals legat I 1957 vart ho utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden
Bibliografi 1926 Alberte og Jakob, roman 1929 En blå sofa, novellesamling 1931 Alberte og friheten, roman 1932 Carmen og Maja, novellesamling 1935 Mange takk, doktor, novellesamling 1939 Bare Alberte, roman 1946 Dyr jeg har kjent, novellesamling 1946 Kranes konditori, roman 1949 Figurer på mørk bunn, noveller 1958 Kjøp ikke Dondi, roman 1973 Barnet som elsket veier tidlegare uutgjevne noveller og teikningar,
Kjelder Dagbladets forfatterside Wikipedia på bokmål Janneken Øverland: utdjupande artikkel om Cora Sandel på snl.no.
Bakgrunnsstoff Prosjekt Runeberg Meir å lese om Cora Sandel Janneken Øverland: Cora Sandel : en biografi ISBN 82-05-22366-1 Henning Howlid Wærp red.2005: De upåaktede liv. Om Cora Sandels liv og forfatterskap ISBN: 9788274771925
kategori:norske forfattarar kategori:psevdonym kategori:Folk frå Oslo kategori:Folk frå Tromsø kategori:St. Olavs Orden Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat