Bogen (nordsamisk ) er ein brei fjordarm på nordsida av Ofotfjorden i Evenes kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 8 km nordover til tettstaden med same namn.

Fjorden har innløp mellom Vollen i vest og Foratangen i aust. Bygda Liland ligg heilt ytst i fjorden på vestsida. Her ligg òg Skogøya. I tillegg til Bogen og Liland ligg grendene Dragvik, Lenvik, Austervika, Botn og Fora ved fjorden.

E10 går langs nordsida av fjorden, medan Fv7552 går langs vestsida.

Kategori:Fjordar i Nordland Kategori:Geografi i Evenes