Leksvik kyrkje er ei tømra kyrkje frå 1667. Ho står sentralt plassert ved gardane Røstad ikkje langt frå Leksvik sentrum i Indre Fosen kommune i Trøndelag fylke.
Historie Kyrkja vart bygd i 1667 av furutømmer.
På 1850 og 1860-talet vart kyrkja ombygd innvendig. På denne tida hadde ikkje folk særleg interesse i eldre utstyr, måleri eller historisk materiale. Derfor vart mykje av kyrkjeinventaret tatt bort eller øydelagt.
På 1950 og 1960-talet vart kyrkja restaurert på nytt. Da vart noko av det gamle kyrkjeinventaret, som hadde vore gøymt bort i 80 år, teke fram og sett inn i kyrkja att.
Oversikt over prestar ved Leksvik kyrkje Thorfin Morten 1621-1648: Oluf Eriksen 1648-1957: Isak Johansen (Første prest ved den nye Leksvik kyrkje) 1657-1671: Iver Olufsen 1672-1697: Søren Kristofersen Røg 1697-1704: Peder Sivertsen Hoff 1704-1716: Petter Surland 1716-1731: Andreas Nilsen 1731-1737: Hans Ever-Oppidan 1738-1749: Jens Danielsen Hveding 1748-1757: Andreas Bernhoft 1757-1777: Hans Thode 1777-1781: Ferdinand Ulrik Trøi 1781-1784: Hans Thode 1784-1792: Morten Jelstrup 1792-1811: Lund 1812-1820: Schønheyder 1819-1824: Holger Halling Schjødt 1824-1832: Christian Bernstroff Bødtker 1833-1842: Johan Albricht Carl Dons 1843-1852: Christopher Winter Scheen 1852-1864: Niels Andreas Bjørn 1864-1877: Bertel Langballe Hartmann 1877-1888: Carl Ludvig Møller 1888-1914: Lars Johansen Wormdahl
Prestegarden Ved Leksvik kyrkje står prestegarden, som vart bygd i 1890. Det var presten sjølv, Lars Johansen Wormdahl som var arkitekt og finansierte bygginga av prestegarden. Det var han som stod bak rivinga av den gamle prestegarden som hadde stått der sidan 1680-talet. Før den tid hadde det stått endå ein prestegard på same tomta. Han brann ned i 1686, og ein ny prestegard vart bygd like etterpå.
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Indre Fosen Kategori:Kulturminne i Indre Fosen Kategori:Kyrkjer i Fosen prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1660-åra Kategori:Valkyrkjer i 1814