Mosvik kyrkje ligg i Mosvik i Inderøy kommune i Trøndelag fylke og vart oppført i 1884 i gotisk stil.
Kyrkja har 360 sitteplassar. Ein kopi av eit krusifiks frå 1250, det såkalla Mosvik-krusifikset, er utstilt i kyrkja, originalen er hos Kongelig Norsk vitenskapsmuseum i Trondheim. Mosvik kyrkje har også eit orgel med 15 stemmar bygd av Brødrene Torkilsen i 1953.
Kyrkja er bygd på grunn frå Vinje bruk.
Det er kyrkjegard vest for kyrkja.Sjå kart hos Allslekt.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
«Kultur og sosialt samvær» i Mosvik kommune 100 år
Om Mosvik sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Kyrkjer i Inderøy Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Kyrkjer i Stiklestad prosti Kategori:Kulturminne i Inderøy Kategori:Langkyrkjer i Nidaros bispedømme Kategori:1884 i Noreg