Alfa Centauri er det næraste stjernesystemet til solsystemet og det lysaste på nattehimmelen (ikkje synleg ifrå den nordlege himmelhalvkula). Det ligg i stjernebiletet Kentauren ved ein avstand på 4,37 lysår (omtrent 41,5 billionar kilometer eller 277 600 AE) og er sett saman av dei tre stjernene Proxima Centauri, Centauri A og Centauri B og eksoplaneten Alfa Centauri Bb, den næraste kjende eksoplaneten.
Stjernene mini|venstre|350px|Storleiken og fargen til sola samanlikna med dei tre stjernene i Alfa Centauri-systemet.
Proxima Centauri er ein raud dverg og ligg 4,22 lysår unna solystemet til jorda. Centauri A og B utgjer ei binærstjerne og ligg båe omtrent 4,36 lysår unna. Ifrå jorda vil eit menneskeauga utan eit teleskop oppfatta binærstjerna som eitt enkelt lyspunkt og ikkje kunna skjelna mellom dei to stjernene. Eksoplaneten i systemet går i bane kring Alfa Centauri B.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
SIMBAD observational data Alfa Centauri – A Voyage to Alfa Centauri eSky : Alfa Centauri
Centauri, Alfa Kategori:Kentauren Kategori:Hovudseriestjerner klasse G Kategori:Hovudseriestjerner klasse K Kategori:Hovudseriestjerner klasse M 128620 and 128621 71681 and 71683 5759 and 5760 0559 Kategori:Stjerner med eigennamn Kategori:Trippelstjerner Kategori:Gule dvergar Kategori:Oransje dvergar Kategori:Raude dvergar