Masfjordnes er ei bygd i Masfjorden kommune i Vestland. Staden ligg på sørsida av fjorden Masfjorden. På Masfjordnes ligg kommunen sitt administrasjonssenter. Før vart staden kalla Sandnes. Ferje trafikkerer sambandet Masfjordnes - Duesundøy ved Duesund. Ruta er om lag 800 meter lang. Bilvegen frå Masfjordnes til Bergen er 52 kilometer.
Kategori:Geografi i Masfjorden Kategori:Bygder i Vestland