Landslaget for lokalaviser (LLA) er ein organisasjon for lokalaviser. Organisasjonen vart stifta på Voss i 1976 og arbeider for å fremja rammevilkåra og interessene til medlemsverksemdene.
Mellom dei første sakene LLA tok opp, var at også dei minste lokalavisene skulle verta inkluderte i den direkte pressestønadsordninga, noko ein fekk gjennomslag for i 1989. LLA representerer medlemsverksemdene i ulike statlege organ og utval.
LLA er ikkje ein tarifforganisasjon, og forhandlar derfor ikkje på vegne av medlemsverksemdene sine. Nokre av LLA-medlemene er også medlemer av Mediebedriftenes Landsforening (MBL).
LLA har vel 110 medlemsverksemder som representerer eit avisopplag på til saman 330 000 eller 950 000 lesarar. Dei fleste medlemsavisene kjem ut mellom ein og tre gonger i veka og har oftast eit opplag på mellom 1 000 og 6 000 eksemplar.
LLA har eit sekretariat i Oslo. Generalsekretær er Rune Hetland. Styret i organisasjonen vert leia av Tomas Bruvik, som også er redaktør og dagleg leiar i lokalavisa Kvinnheringen. På årsmøtet til organisasjonens vert avisprisen Årets lokalavis delt ut.
Medlemmer Per mars 2008.
Agder Akers Avis/Groruddalen Andøyposten Arendals Tidende Birkenes-Avisa Brønnøysunds Avis Bygdaposten for Hjelmeland Bygdebladet Bygdebladet Randaberg og Rennesøy Bø Blad Dag og Tid Dalane Tidende Drangedalsposten Dølen Eikerbladet Enebakk Avis Fanaposten Finnmarksposten Fjell-Ljom Fjordabladet Fjordingen Fjuken Folldals Marked Framtia Framtid i Nord Frolendingen Frostingen Gaula GauldalsPosten Gjesdalbuen Grannar Grenda Grenseposten Hallingdølen Haramsnytt Hardanger Folkeblad Helgelands Blad Hordaland Høvågavisa Inderøyningen Jarlsberg Avis Kanalen Karmsund Karmøybladet Klar Tale KlæbuPosten Kragerø Avisa Kvinnheringen Lierposten Lofot-Tidende Lokalavisa Nordsalten Marsteinen Meløyavisa Meråkerposten Møre Nordvestnytt Nye Troms OPP Os og Fusaposten Rakkestad Bygdeblad (Nedlagd 2008) Raumnes Ryfylke Røyken og Hurums Avis Ságat Saltenposten Samningen Sande Avis Sandnes Posten Selbyggen Sirdølen Snåsningen Solabladet Sortlandsavisa Stangeavisa Steinkjer-Avisa Storfjordnytt Strandbuen Sulaposten Suldalsposten Sunnhordland Sunnmøringen Svalbardposten Svelviksposten Sydvesten Sykkylvsbladet Synste Møre Søgne og Songdalen Budstikke Søvesten Tysnes Tysvær Bygdeblad Vaksdal Posten Avisa Valdres Varangeren Varingen Vennesla Tidende Vest-Telemark Blad Vestavind Vestby Avis Vesteraalens Avis Vestlandsnytt Vestnesavisa Vigga Våganavisa Øksnesavisa Østerdølen Østhavet Øyavis Øy-Blikk Øyene Øyposten ÅmliAvisa Ås Avis
Bakgrunnsstoff Landslaget for lokalaviser
Kategori:Norsk journalistikk Kategori:Norske medieføretak Kategori:Skipingar i 1976