Langstrandfjorden er ein fjord på Sørøya i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4,5 km nordvestover til Værbotn i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Værfjellodden i nordaust og Odden i sørvest. Like ved Værfjellodden går fjordarmen Sandfjorden nordover. Ved Odden i sør går Kuvika sørvestover. Innover i fjorden ligg grenda Langfjorden på austsida av fjorden. Det djupaste punktet i fjorden er 60 meter mellom Kråkneset og Gamneset.
Kategori:Fjordar i Hammerfest