Kipparfjorden eller Kipperfjorden (samisk Gahpirvuotna) er ein fjord på Sørøya i Hasvik kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4 km nordover til Kipparfjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Valan i vest og Kipparfjordneset i aust. Heilt ytst i fjorden ligg Holmen på vestsida og Høgholmen på austsida. Mellom desse er fjorden på det djupaste med eit djup på 122 meter. Kipparfjordholmen ligg lenger inn i fjorden.

Det er ingen busetnader ved fjorden.

Kategori:Fjordar i Hasvik