Kullfjorden eller Kulfjorden (nordsamisk Seahkkavuotna) er ein fjord i Måsøy kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 9 km sørover til Sekken i Vesterbotnen.

Fjorden har innløp mellom Trollfjordneset i vest og Fiskeneset i aust. Inst i fjorden deler han seg i to små armar. Austerbotnen går søraustover, medan Vesterbotnen går sørvestover. Kullfjorden er 83 meter på det djupaste, nesten heilt ytst i fjorden.

Det er ingen busetnader ved fjorden.

Kategori:Fjordar i Måsøy