Ifjorden (nordsamisk Idjavuotna) er ein fjordarm av Laksefjorden i Lebesby kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 12 km søraustover til bygda Ifjord i botn av fjorden.Ifjorden på Norgeskart.no fra Statens kartverk

Fjorden har innløp mellom Bondøya i sørvest og Skjånes i nordaust. Rypøya ligg midt i innløpet. Ifjord er den største busetnaden ved fjorden, men ein finn òg fleire gardsbruk på sør- og nordaustsida, som Oldervik, Skogvika, Nordmannset, Holmen og Heimdal. På sørsida av fjorden går Friarfjorden sørover. Fjorden er 231 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden.

Riksveg 98 går langs sørsida av fjorden, medan Riksveg 888 går langs nordaustsida.

Kjelder

Kategori:Fjordar i Lebesby