Tørvikbygd er ei bygd i Kvam herad i ytre Hardanger i Vestland. Staden ligg på vestsida av Hardangerfjorden, ved riksveg 49, og har ferjesamband med Jondal på austsida av fjorden. Frå Tørvikbygd er det om lag 13 km. til kommunesenteret Norheimsund.

I Tørvikbygd ligg Tørvikbygd Bygdemuseum og barneskulen Tørvikbygd skule.

Kommunesoge Fram til 1846 høyrde Tørvikbygd til Strandebarm kommune, då vart Tørvikbygd med i den delen som vart skild ut som Jondal kommune. I 1965 vart Tørvikbygd-krinsen overført til Kvam i ei kommuneregulering.

Bakgrunnsstoff Om namnet Tørvikbygd i språkspalta på nettstaden til NRK Hordaland Tørvikbygd grendautval , kvam.no

Kategori:Busetnader i Kvam Kategori:Ferjestader i Vestland Kategori:Bygder i Vestland