St. Georgs kapell er eit ortodoks kyrkjehus i Neiden i Sør-Varanger. Kapellet ligg på Skolteplassen, ein gammal sommarbuplass til skoltesamane, nedom Skoltefossen i Neidenelva. I fylgje tradisjonen skal det vere bygd i 1565 av den russiske munken og misjonæren Trifon, og innvigd 24. juni det året.Universitetet i Tromsø: Arkitekturguide Nord-Norge og Svalbard: «St. Georgs greskortodokse kapell» Kapellet er ein viktig heilagdom for skoltesamane, og er freda som samisk kulturminne.
St. Georgs kapell er det minste sakralbygget i Noreg, med innvendige mål på 3,55 gonger 3,25 meter. Ytterdøra er berre 1,19 meter høg.
Årringsdatering har vist at tømmeret i kapellet ikkje er meir enn 200 år gammalt. Det er mogleg at det noverande bygget har erstatta eit eller fleire kapell i tilnærma same stil. Det kan også vere at opplysningar om St. Georgs kapell har vorte blanda saman med dei om eit kapell som har stått på vinterbuplassen til skoltesamane i Neiden. Av det er det berre tuftene att.
Utgravinga av kyrkjegarden Rundt kapellet ligg ein kyrkjegard som skal ha vore i bruk frå 1700-talet til litt ut på 1900-talet. I 1915 vart det gjort utgravingar på eldste delen av kyrkjegarden, og mange skjelett og kranium vart sende til Anatomisk institutt ved Universitetet i Oslo. Der gjekk dei inn i De Schreinerske samlinger, og dei har sidan vorte lagra der. Etter krav frå Sametinget og slektningane vedtok Medisinsk Fakultet ved Universitetet i Oslo i februar 2008 at dei skal førast attende og gravleggjast att på kyrkjegarden ved St. Georgs kapell.Sametinget: «Sametingsrådet går inn for tilbakeføring av skjelettmateriale til Neiden» Anatomisk institutt hadde tidlegare motsett seg dette.Universitas: «Får sin grav til slutt»Uniforum 17/1998: «Strid om samisk skjelettsamling»
Kjelder
Bakgrunnsstoff NOU 1994:21 Bruk av land og vann i Finnmark i historisk perspektiv Bakgrunnsmateriale for Samerettsutvalget: «Østsamene i Neiden» NIKU Rapport 11 - Terje Norsted: Ikonene i St. Georgs kapell, Neiden, Sør-Varnager kommune Arkitekturguide Nord-Norge og Svalbard: «St. Georgs greskortodokse kapell»
Kategori:Kyrkjer i Sør-Varanger Kategori:Bygningar i Finnmark og Nord-Troms frå før 1944 Kategori:Ortodokse kyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Sør-Varanger Kategori:Freda bygg i Finnmark