Vestre Svartisen er den vestlege isbreen av dei to delane som Svartisen består av. Han ligg i kommunane Meløy, Rødøy og Rana. Breen har eit areal på 221 km² og er den nest største isbreen på det norske fastlandet etter Jostedalsbreen.
Av brearmar til isbreen finn ein den kjende Engabreen, som er den lågastliggande isbreen på det europeiske fastlandet med berre 7-40 meter over havet. Andre delar av breen er Nordfjordbreen på norsida av Nordfjorden og Flatisen.
Mellom Vestre og Austre Svartisen går Vesterdalen. Storglomvatnet ligg på nordaustsida av breen.
Sjå òg Isbrear i Noreg
Kategori:Isbrear i Nordland Kategori:Geografi i Meløy Kategori:Geografi i Rødøy Kategori:Geografi i Rana