Piotr Leciejewski () i Legnica, er ein polsk tidlegare fotballspelar som var målvakt.
Han er vorte skildra som ein vinnartype med eit sterkt konkurranseinstinkt, og er mellom anna kjend for stor rekkevidd og reaksjonsevne, særleg evna til å redde straffespark.
Karriere Leciejewski starta karrieren sin i Górnik Łęczna, før han drog til Korona Kielce. Han kom til norsk fotball på lån til i 2008 og debuterte for Sogndal i ein bortekamp mot i Adeccoligaen. Leciejewski vart henta inn fordi førstekeeper Terje Skjeldestad vart skadd. Etter å ha imponert for klubben vart overgangen gjort permanent og han vart ei viktig brikke då Sogndal rykte opp til Tippeligane før 2011-sesongen. Leciejewski spelte tre sesongar og nesten 100 obligatoriske kampar for Sogndal.
Brann prøvde i lang tid å få tak i Leciejewski og han vart etter kvart klar for Brann i januar 2011 i ein bytehandel der Cato Hansen og Kenneth Udjus gjekk til Sogndal. Leciejewski fekk eit brot i fingeren under sesongoppkjøringa og det tok derfor noko tid før han fekk starte, og Håkon Opdal fortsette i Brann-målet. Då kontrakten til Opdal ikkje vart forlenga mot slutten av 2011, vart det klart at Leciejewski var tiltenkt rolla som førstekeeper for 2012. Han skreiv ny kontrakt med Brann i februar 2012 for perioden ut 2015-sesongen. Leciejewski vart skadd i skuldra i starten av sesongen, noko som gav reservekeeperane Jørgen Mohus og Øystein Øvretveit speletid i løpet av sesongen. Dei siste tre kampane stod Leciejewski over for å kvile skuldra. Trass i dette vart Leciejewski kåra til «Årets Brann-spelar» av supporerane Bataljonen, i tillegg til dei to lokalavisene Bergensavisen og Bergens Tidende.
I bortekampen til Brann mot i 2012 scora Erik Mjelde utan vilje då han skulle spele tilbake ballen som hadde vorte spelt utover sidelinja for at ein skadd spelar skulle få behandling. Brann-spelarane vart samde om at det ville vere mest «Fair Play» å la LSK få eit mål attende, men trass i at utespelarane til Brann let LSK få gå uhindra mot mål, prøvde Leciejewski å stoppe målet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Piotr Leciejewski (90minut.pl)
Kategori:Polske fotballspelarar Kategori:Sogndal-spelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Målvakter i fotball