Austra er ei fjellrik øy på grensa mellom Trøndelag og Nordland. Ho er delt mellom kommunene Bindal, Leka og Nærøysund. Arealet er 88 km². Det høgaste punktet på øya er Romsskåla, 588 moh.

Av busetjingar på øya finn ein Sør-Gutvika, der det går ferje over til Leka som ligg lenger vest, Sørhorsfjord og Nordhorsfjord. På austsida går det bru over til fastlandet.

Kategori:Øyar i Trøndelag Kategori:Øyar i Nordland Kategori:Geografi i Bindal Kategori:Geografi i Leka Kategori:Øyar i Nærøysund