mini|Suvenirstand i London mini|Suvenirar i Aten mini|Suvenirar i Venezia Ein suvenir er ein gjenstand som skal minne eigaren om ei oppleving, gjerne ei utanlandsreise.
Suvenirar kan vere tradisjonelle produkt frå eit land eller ein kultur, men typiske suvenirar er masseproduserte, rimelege og lite brukande.
Typiske suvenirartiklar Typiske suvenirar er modellar av kjende turistattraksjonar, kleplagg eller handdukar med kjende motiv, eller platter med motiv som kan knytast til staden. Matvarar kan verte selde i små suvenirpakningar, og tilsvarande kan alkoholhaldig drykke seljast i suvenirflasker.
Som døme på vanlege suvenirar kan nemnast Danmark: Modell av Den lille havfrue Frankrike: Modell av Eiffeltårnet Hellas: Gipsmodellar av antikke statuar Sverige: Dalahest - ein raudmåla trehest Russland: Matrjosjkadokker Vatikanet: Trykk med motiv henta frå målarstykke i Vatikanmuseet.
Kategori:Turisme Kategori:Reise