Atløyna er ei øy i Askvoll kommune i Vestland, nord for Vilnesfjorden ved munningen av Dalsfjorden. Arealet er 37,7 km². Atløyna er tilknytt fastlandet med ferjesamband frå Gjervik ferjekai aust på øya.

Kyrkja på Atløyna er frå 1674 og vart bygd etter at den tidlegare kyrkja brann ned etter eit lynnedslag i 1673. Det vert sagt at då dei grov opp golvet i den gamle kyrkja fann dei mange skjelettrestar frå menneske. Ein rekna med at desse var frå ei vikinggrav.

På sørsida av Atløyna ligg fjellknausen Brurestakken, som er eit landemerke og utsiktpunkt.

Geologi Berggrunnen består av folda lag av gneis frå slutten av prekambrium og metasediment frå silur. Sedimenta er avsett direkte på grunnfjellet og har seinare gjennomgått metamorfose og folding. Bergartane vart danna under den kaledonske orogenesen.

Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Askvoll prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Askvoll herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2023 295 523 482 438

Sjå og MS «Atløy»

Kjelder

Askheim, Svein. (28. januar 2012). Atløy: geologi. I Store norske leksikon. Henta 8. februar 2014.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Øyar i Askvoll