Ostøya eller Oustøya er ei øy i Bærum kommune utanfor Sandvika. Ho har eit areal på 2,4 km² og om lag 2 km² utgjer Oust gard, medan om lag 400 mål er utparsellert til fritidseigedommar. På øya ligg det òg ein golfbane, som vart oppretta i 1964 (Oustøen Country Club) og Oust Naturreservat, oppretta i 2002, som utgjer hovuddelen av skogen.
Etter avtale med Bærum kommune er stranda ut mot Store Oustsund klausulert som friområde. Garden er i privat eige. Det er tidlegare drive jord- og skogbruk samt saltutvinning, gatesteinbrot, fiske og jakt.
Kategori:Øyar i Akershus Kategori:Geografi i Bærum